Ragnvald Iversen og Eilert Sundt reknar rodi og romani som to klart åtskilde språk, som skil seg fra kvarandre i både uttale, bøying og ordtilfang.
Begge språka har eit norsk lydsystem, utan nokon lydar som ikkje finst i norsk. Iversen meiner likevel at rodi er meir tilpassa det norske lydsystemet enn romani.
Både rodi og romani har eit reint norsk bøyingssystem, men ifølgje Iversen brukar dei som snakkar rodi, det same bøyingssystemet som i den norske dialekten dei snakkar, mens alle som snakkar romani, har det same bøyingssystemet, uavhengig av den norske dialekten dei snakkar. Ein kan likevel høyre romani-talande som brukar bøyingar frå sin eigen norske dialekt.
Iversen peikar på store skilnader i ordtilfanget. Mens romani har om lag 62 % tradisjonelle romani-ord, har rodi om lag 31 %. Romani har nærmare 11 % med såkalla kamuflasje-ord, mens rodi har over 27 %. Kamuflasje-ord er norske ord som er modifiserte, så dei ikkje blir forstått av utanforståande, som buddra/boddra 'bu', frå norsk bu/, som finst i både rodi og romanes. Romani har nærmare 5 % lånord frå tysk og nederlandsk, mens rodi har nesten 10 %. Ifølgje Iversen er dei tradisjonelle romani-orda i romani arveord, mens han karakteriserer romani-orda i rodi som lånord.
Både rodi og romanes har ein norsk syntaks.
Både rodi og romani kan karakteriserast som blandingsspråk, ved å ha ein norsk grammatikk og eit ikkje-norsk ordtilfang.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.