Campocolinus
| Campocolinus | |
Kokifrankolin, Campocolinus coqui, hannfugl | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
| Familie: | Fasanfamilien Phasianidae |
| Underfamilie: | Pavoninae |
| Stamme: | Gallini |
| Slekt: | Campocolinus |
Campocolinus er ei biologisk slekt i fasanfamilien. Slekta samlar tre artar i Afrika sør for Sahara.
Ho vart etablert først i 2020 og omfattar artar som tidlegare vart plasserte i slekta Francolinus (frankolinar). Artane i Campocolinus skil seg genetisk med om lag 5–16 % frå andre frankolinar.[1] Dei lever i skog og savannar med høgt gras i tropisk Afrika. Slektsnamnet Campocolinus er sett saman av campo «savanne» og colinus «vaktel».[2]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Artane i Campocolinus er små, vaktelliknande fuglar med kroppslengd på 20-25 cm. Stjerten hos alle artane er oransje eller gulbrun. Ryggfjørdrakta er stripa eller melert, med tydeleg lyse fjørskaft. Nebbet er mørkt, stundom med gul basis. Beina og føtene er gule. Kjønna skil seg i fargedrakt. Hannane har ein einskild, spiss spore bak på tarsen.
Rop og song hos Campocolinus-artane er høge, harde og noko metalliske. Dei byrjar med ein innleiande tone, etterfølgd av ein pause og deretter fem til sju tonar som gradvis minkar i styrke, med både tonale og trillande element. Den viktigaste skilnaden mellom strofer ligg i lengda på dei.
Artane er altetande og lever av mellom anna insekt og vegetabilsk føde som frø.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Kokifrankolin, Campocolinus coqui, to hoer og ein hannfugl
- Hofugl av kokifrankolin
- Kvitstrupefrankolin, Campocolinus albogularis
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Medlemmar av Campocolinus i rekkjefølgje etter AviList v2025:[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Slekt Campocolinus
- Kokifrankolin, Campocolinus coqui, Coqui Francolin, (Smith, A, 1836), (LC)
- Lever spreitt i Afrika sør for Sahara med vidaste utbreiing frå Tanzania til nordaustlege Sør-Afrika[5]
- Kvitstrupefrankolin, Campocolinus albogularis, White-throated Francolin, (Hartlaub, KJG, 1854), (LC)
- Frå Elfenbeinskysten til Kamerun. Fragmentert i DR Kongo og Angola[6]
- Isoberliniafrankolin, Campocolinus schlegelii, Schlegel's Francolin, (Heuglin, MT, 1863), (LC)
- Avgrensa i sentrale Afrika rundt Den sentralafrikanske republikken og Chad.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Campocolinus» frå Wikipedia på tysk, den 21. mars 2026
- Referansar
- ↑ Rebecca T. Kimball, Peter A. Hosner, Edward L. Braun: A phylogenomic supermatrix of Galliformes (Landfowl) reveals biased branch lengths. In: Molecular Phylogenetics and Evolution. Band 158, 2021, 107091, doi:10.1016/j.ympev.2021.107091.
- ↑ McGowan, P. J. K.; Kirwan, G. M.; Boesman, P. F. D. (2021). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Coqui Francolin (Campocolinus coqui), version 1.1». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.coqfra2.01.1. «Faktaboks bak i-ikonet»
- ↑ AviList Core Team. 2025. «AviList: The Global Avian Checklist, v2025.». AviList: The Global Avian Checklist © 2025 by AviList Core Team is licensed under CC BY 4.0. doi:10.2173/avilist.v2025.
- ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 26. oktober 2025.
- ↑ McGowan, P. J. K.; Kirwan, G. M.; Boesman, P. F. D. (2021). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Coqui Francolin (Campocolinus coqui), version 1.1». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.coqfra2.01.1.
- ↑ McGowan, P. J. K.; Kirwan, G. M. (2021). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «White-throated Francolin (Campocolinus albogularis), version 1.1». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.whtfra2.01.1.
- ↑ McGowan, P. J. K.; Kirwan, G. M. (2021). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Schlegel's Francolin (Campocolinus schlegelii), version 1.1». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.schfra2.01.1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Campocolinus i Global Biodiversity Information Facility
- Campocolinus – detaljert informasjon på Wikispecies